Min side Kundeservice Bli medlem

Fyrste kjærleik og annan kortare prosa

«Jeg kommer definitivt til å lese «Fyrste kjærleik» flere ganger.»

Aurora Alette Elvenes (17år), Alettesbokverden

I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. Les mer

227,-

249,- Spar: 22,-

Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

I novella Fyrste kjærleik møter vi ein namnlaus uteliggar utan andre ønske enn å få vere i fred på benken sin. Lulu forstyrrar han, og etterkvart blir han forelska. Fyrste kjærleik var ein av dei første tekstane Beckett skreiv på fransk, rett etter krigen i 1945, men han vart først utgitt i 1970 og på engelsk i 1973. I boka har Jon Fosse valt ut denne saman med fem andre kortare.
Beckett skreiv smått om det store. Med ei stadig meir minimalistisk tilnærming sirkla han rundt mennesket sitt komplekse tilvære. Personane i Becketts tekstar verkar på same tid både nyfødde og livstrøytte, og tilbyr lesaren eit nytt og uvant blikk på verda. Mest kjend er han for teaterstykka, men sjølv såg han på prosaen, og særleg dei kortare tekstane, som den viktigaste diktinga si.
I utvalet Jon Fosse har gjort av Becketts kortprosa, finn vi Fyrste kjærleik og fem andre forteljingar: Kasta ut, Nok, Pling, Dei farne bort og Løyse. Tidlegare norske utgåver av Becketts korte tekstar har basert seg på dei franske originalane, men tekstane i omsetjinga til Fosse er sette om frå engelsk. Beckett sette sjølv om tekstane sine frå fransk til engelsk, og då endra han ofte ein god del slik at ein kan snakka om to versjonar av same verk. Ingen av dei engelske versjonane er tidlegare utgjevne på norsk.

Detaljer

Forlag
Skald
Innbinding
Paperback
Språk
Nynorsk
Sider
119
ISBN
9788279592624
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2018
Originaltittel
Fyrste kjærleik og annan kortare prosa
Format
19 x 13 cm
Serie
Skalds klassikarar

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Bla i boka

Anmeldelser

«Jeg kommer definitivt til å lese «Fyrste kjærleik» flere ganger.»

Aurora Alette Elvenes (17år), Alettesbokverden

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Fyrste kjærleik og annan kortare prosa:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv