Garasjeland
«Fantastisk verkelegheitsflukt! Saknar du resten av verda? Bli med Frode Grytten på spennande reiser til Spania, merkelege stillehavsøyer, diverse stadar i Noreg – og ikkje minst til Garasjeland.»
Magnus Rotevatn, Framtida
"Dette var min første sommar i Garasjeland. Juli kom med ei hetebølge som varte i tre veker. Midt på dagen steig temperaturen til over førti grader. Far min hadde ikkje investert i kjøleanlegg, så om nettene sette vi oss i bilen og kjørte ut på dei opplyste motorvegane. Les mer
Logg inn for å se din bonus
Ein sekstenåring flyttar inn hos faren i Garasjeland, og dei rekordvarme sommarvekene der skal merke han for livet. Den unge mannen i "Oslo" kjem tilbake til heimbyen for å få hemn. Det gifteklare paret i "Den siste øya" har investert i drømmereisa som ifølge operatøren vil gi dei isolation level: High, men er dei heilt åleine? I "Inntrengar" stirer eit norsk par forundra inn på mannen som med spansk lov på si side har flytta inn i feriehuset deira. Polakken i "YNWA" er langpendlar med jobb på vestlandsk fiskeslakteri og ei gryande erkjenning av at Norge er meir enn lykke og frisk luft. "Slutten på historia" skildrar vakkert møtet mellom to tidligare kjærastar ein sur kveld den spesielle våren 2020.
I si tiande novellesamling tar Frode Grytten oss med til Oslo, Bergen, Torrevieja, Sotra, Paris, Las Vegas og det maskuline Garasjeland. Forfattaren viser korleis folk som er drive av lengt og kjærleik og fanatisme, søker fellesskapet, men heile tida med einsemd og isolasjon som like sannsynlige utfall. Som alle drømmarar må dei ta konkrete val og nærme seg andre personar på eit vis som trugar med å rasere illusjonen om det perfekte.
Detaljer
- Forlag
- Oktober
- Språk
- Norsk Nynorsk
- ISBN
- 9788249522811
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2020
Lytt til utdrag
Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven
Les utdrag
Åpne utdrag herBla i boka
Anmeldelser
«Fantastisk verkelegheitsflukt! Saknar du resten av verda? Bli med Frode Grytten på spennande reiser til Spania, merkelege stillehavsøyer, diverse stadar i Noreg – og ikkje minst til Garasjeland.»
Magnus Rotevatn, Framtida
«Grytten-fans vil garantert finne ting å glede seg over (...) her er også litterær magi av godt Grytten-merke.»
Jonas Hansen Meyer, Aftenposten