Juleroser 2017

julehefte

Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Herborg Kråkevik, som er redaktør for det vakre juleheftet, vil gi lesarane store kunstopplevingar til jul. Les mer
Vår pris: 170,-
(Paperback)

Leveringstid: Kommer 20.november

Om boka

Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste forfattarane og kunstnarane i vår tid. Herborg Kråkevik, som er redaktør for det vakre juleheftet, vil gi lesarane store kunstopplevingar til jul. Juleroser 2017 har bidrag frå Suzanne Brøgger, Bjørn Eidsvåg, Geir Gulliksen, Kari Bremnes, Synnøve Macody Lund, Alf Prøysen, Håkon Bleken og mange andre.

Rikt illustrert med bidrag frå dei beste biletkunstnarane. Tre vakre kunsttrykk inkludert.

«Juleroser låg alltid framme i jula då eg var barn. Eg opna dei med andakt, for dei var så skjøre og vakre, dei måtte takast varsamt i. Dei såg gamle ut, men historiene eg las, verka nye og relevante, sjølv om dei var skrivne i ei anna tid enn mi. No er dei her igjen, rosene. Eg håper, kjære lesar, at Juleroser kan gi deg jul i hjarta, slik dei gjorde for meg, og at vi har klart å lage noko som er så vakkert at det ikkje blir kasta ut med det brukte julepapiret, men held seg, både for auga og for sinnet, for både deg og dei som kjem etter.»

Herborg Kråkevik (f.1973) er ein av våre mest folkekjære artistar og ein engasjert kulturformidlar. Ho har alltid vore oppteken av å fornye og aktualisere gamle tradisjonar, om det no er den franske kabaretforma: Herborgs verden, Eg og Edith, Kjære landsmenn, eller songane våre: Kråkeviks songbok. No har Kråkevik vekt til live den gamle tradisjonen med litterære julehefte; Juleroser har blitt eit av dei aller mest etterspurde julehefta i juletida.

Fakta