Gigantsalget er utvidet: inntil -80 %
Min side Kundeservice Bli medlem

Noveller i samling

Tarjei Vesaas gav ut i alt fire novellesamlingar: Klokka i haugen (1929), Leiret og hjulet (1936), Vindane (1952) og Ein vakker dag (1959). Vesaas publiserte altså noveller gjennom 30 år, på ulike stadium av forfattarskapen, og dette spennet blir også spegla i denne boka. Les mer

449,-
Produseres på bestilling

Logg inn for å se din bonus

Tarjei Vesaas gav ut i alt fire novellesamlingar: Klokka i haugen (1929), Leiret og hjulet (1936), Vindane (1952) og Ein vakker dag (1959). Vesaas publiserte altså noveller gjennom 30 år, på ulike stadium av forfattarskapen, og dette spennet blir også spegla i denne boka.

Frå den første samlinga, Klokka i haugen, tok Vesaas berre med to av sju noveller då han sjølv redigerte Noveller i samling (1964), mellom dei den sterke «Signe Ton». I ei seinare utgåve kom det med fleire. I denne utgåva er alle novellene i alle samlingane tekne med..

Novellekunstnaren Vesaas hadde funne si form då han sju år seinare gav ut Leiret og hjulet. Denne samlinga inneheld kjende noveller som «Aldri fortelje det» og «21 år». Sistnemnde korthistorie vart filma av René Bjerke i 1990, og i 1990 filma same regissør novella «Det rare» frå Vindane.

Samlinga Vindane står i dag som eit av høgdepunkta i Vesaas' forfattarskap, uansett sjanger. Det var med denne boka han vann Venezia-prisen i 1953 - og fekk dermed det store internasjonale gjennombrotet.
Vesaas skreiv mange av sine beste bøker i 1960-åra. Den siste novellesamlinga hans, Ein vakker dag, kom i denne perioden. Den inneheld meisternoveller som «Hesten frå Hogget», «G for Gudny» og «Det snør og snør».

Detaljer

Forlag
Gyldendal
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
605
ISBN
9788205367104
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2007
Format
19 x 12 cm
Serie
Gyldendal klassiker

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Noveller i samling:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Eden
Ny!

Eden

Auður Ólafsdóttir
Innbundet 
429,-
 

Troy

Stephen Fry
Paperback 
160,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv