Min side Kundeservice Bli medlem

Popsongar

eit utval

Dei tre novellene i lydbok-singelen har Pittsburg, Tokyo og ei vulkansk Middelhavs-øy som geografiske rammer. Men det er Grytten sine vakre, vemodige og innsiktsfulle refleksjonar rundt kjærleik, rastløyse, einsemd og vemod som treff lesaren heime. Les mer

49,-
Nedlastbar lydbok
Ikke i salg
Dei tre novellene i lydbok-singelen har Pittsburg, Tokyo og ei vulkansk Middelhavs-øy som geografiske rammer. Men det er Grytten sine vakre, vemodige og innsiktsfulle refleksjonar rundt kjærleik, rastløyse, einsemd og vemod som treff lesaren heime.

Forfatterskapet til oddingen Frode Grytten er på same tid veldig norsk og veldig internasjonalt. Ikkje minst har han sett Vestlandet på det litterære kartet. Som mange andre debuterte han med dikt (1983), men det var den novelleaktige romanen «Bikubesong» (1999) som førte til gjennombrotet, samt ein Bragepris, for den lett melankolske, sosialt interesserte og kvardagsopptekne forteljaren. Han prøvde seg faktisk også i krimsjangeren, med «Flytande bjørn» (2005), og stakk avgarde med ein Rivertonpris.

Fem novellsamlingar har det blitt per 2014. Fleire av samlingane knyt seg opp mot andre kulturelle uttrykk, og henter sin inspirasjon frå annan kunst. Slik er det med «Rom ved havet, rom i byen» (2007), der ti maleri av amerikanaren Edvard Hooper er romma til historiene.

Denne lydbok-singelen inneheld tre noveller, alle henta frå samlinga «Popsongar» (2001) - som har 24 internasjonale popsongar som ramme og resonansbotn.

Dei tre novellene du får høyre her er:
- USA
- Samtale til utlandet
- Slutten på ei kjærleikshistorie

Detaljer

Forlag
Lydbokforlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788242161161
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2014
Serie
En lydbok-singel

Lytt til utdrag

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Popsongar:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv