God morgon, midnatt
«Stor romankunst . Den sagnomsuste romanen God morgon, midnatt av Jean Rhys lever opp til sitt rykte.»
Jonas Hansen Meyer, NRK
«Du går på ein veg i fred og ro. Du snublar. Du fell inn i noko svart. Det er fortida - eller kanskje framtida. Og du veit at det ikkje finst noka fortid, noka framtid, det er berre dette svarte, som endrar seg ørlite, sakte, men likevel forblir det same. Les mer
I God morgon, midnatt (1939) møter vi Sasha i det ho ser for seg eit par rolege, sunne veker i balanse, der ho besøker Paris igjen, ein by ho har budd i tidlegare. Ho vandrar i gamle oppgåtte trasear og besøker restaurantar, hotell og barar som ho eingong har kjent.
Samstundes streifar ho att og fram i tankane mellom fortida, der så mykje har sett merke i henne, og notida, der ho på sett og vis er nummen. I notida treffer ho særleg ei rekkje menn, som ho forhandlar med om nærleik og avstand, verdi og verdløyse, tiltru og fortviling.
Detaljer
- Forlag
- Solum
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 227
- ISBN
- 9788256023660
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2024
- Originaltittel
- Good morning, midnight
- Format
- 22 x 15 cm
Anmeldelser
«Stor romankunst . Den sagnomsuste romanen God morgon, midnatt av Jean Rhys lever opp til sitt rykte.»
Jonas Hansen Meyer, NRK
«Intensiteten i romanen, godt ivareteken av omsetjar Grethe Fatima Syéd, oppstår mellom anna i nettopp dette: korleis Sasha på si vandring rundt om i Paris, og i møte med byens lause eksistensar, nesten manisk prøver å handtere minne som strøymer på.»
Margunn Vikingstad, Morgenbladet