Min side Kundeservice Bli medlem

Lenz

Georg Büchner skreiv forteljinga Lenz to år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Les mer

209,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Georg Büchner skreiv forteljinga Lenz to år før han døydde, men ho blei først gitt ut posthumt i 1839. Teksten er basert på dagbøkene til presten Johann Friedrich Oberlin frå vinteren 1778. Då hadde forfattaren Jakob Michael Reinhold Lenz søkt tilflukt hos han, forvirra og på veg inn i galskapen. Büchner kjende seg igjen i Lenz og skreiv ei skildring som både i form og innhald staka ut ein ny veg for litteraturen: innover i menneskesinnet, utan blikk for konvensjonar og moralske fordommar.

Hovudsaka for Büchner var innleving i andre menneske, og gjerne dei som fall utanfor samfunnet. Hovudpersonen i Lenz kjenner seg trengt opp i eit hjørne, og galskapen blir den yttarste konsekvensen av det mislykka og umoglege opprøret mot samtidas konvensjonar. Lenz er såleis rekna som ein av dei første tekstane i den moderne litteraturen.

Georg Büchner (1813-1837) blir, trass i sitt korte liv og ein avgrensa produksjon, rekna som ein av dei mest viktigaste forløparane for den moderne europeiske litteraturen. Den mest renommerte bokprisen i Tyskland er oppkalla etter han

Den unge Büchner var opposisjonell i Vormärz - åra før den mislykka marsrevolusjonen i 1848 - ein periode som var prega av sterk sensur. Han døydde etter kort tids sjukdom, berre 23 år ung.

Detaljer

Forlag
Skald
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788279592815
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2019
Originaltittel
Lenz
Serie
Skalds klassikarar

Les utdrag

Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Lenz:

Etterlyst

Anker Rogstad
Nedlastbar lydbok 
305,- 349,-
 

Småen

Alphonse Daudet
Nedlastbar lydbok 
262,- 299,-
 

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv