Meny

Stormfulle høgder

; Ragnar Hovland (Oversetter) ; Øystein Vidnes (Oversetter)

«Stormfulle høgder» (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av poeten Emily Brontë. Verket vart gitt ut under pseudonymet Ellis Bell, og først etter Brontës død i 1848, vart boka publisert under hennar eige namn. Les mer
Vår pris
262,-
Spar
37,-

Veil. pris: 299,-  (Fleksibind)
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager

Vår pris: 262,-
Spar: 37,-

Veil. pris: 299,-  (Fleksibind)
Leveringstid: Sendes innen 3 - 10 dager

Om boka

«Stormfulle høgder» (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av poeten Emily Brontë. Verket vart gitt ut under pseudonymet Ellis Bell, og først etter Brontës død i 1848, vart boka publisert under hennar eige namn.
Romanen vert sett på som eit av dei største verka i verdslitteraturen. Den mørke og dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda som dreier seg om Catherine og den vondsinna protagonisten Heathcliff, sjokkerte ikkje minst fordi Brontë brøyt med dei moralske førestillingane i samtida. Dette skapte negativ merksemd då verket først kom ut, men etterkvart fekk romanen klassikarstatus blant dei ypparste verka frå 1800-talets litteratur, og Emily Brontë blei utnemnt som oppfinnar av den kvinnelege gotikken. At det vert nettopp den uhøvla utkantskildraren Ragnar Hovland som omset skildringa av dei «vondskapsfulle» og «uhøvla barbarane» (som kritikarane kalte dei) frå den engelske landsbygda, gir denne nyomsetjinga ein ekstra dimensjon.
«Stormfulle høgder» har hatt stor påverknad på seinare litteratur og populærkultur, har blitt dramatisert og filmatisert. I dag er historia ikkje minst kjend frå Kate Bushs song «Wuthering Heights».
Boka kjem ut i serien SKALDs klassikarar - ein serie av vellagra, handplukka verk i ny, frisk og nynorsk språkdrakt som skal gi leseglede til folket.

Fakta