Min side Kundeservice Bli medlem

Skriftspråkleg mangfald som ressurs i opplæringa

ei kort innføring

Mange barn og vaksne i norske barnehagar og klasserom har erfaringar frå mange andre skriftsystem enn det latinske alfabetet. Få ei innføring i korleis dette blir ein ressurs i opplæringa.

Som lærar og barnehagelærar er det stor sjanse for at du møter barn, unge og vaksne som har erfaringar frå andre skriftsystem enn det latinske alfabetet vi brukar i Noreg. Les mer

239,-
Paperback
Sendes innen 1 virkedag

Logg inn for å se din bonus

Mange barn og vaksne i norske barnehagar og klasserom har erfaringar frå mange andre skriftsystem enn det latinske alfabetet. Få ei innføring i korleis dette blir ein ressurs i opplæringa.

Som lærar og barnehagelærar er det stor sjanse for at du møter barn, unge og vaksne som har erfaringar frå andre skriftsystem enn det latinske alfabetet vi brukar i Noreg. Det kan vere elevar som har lært å skrive med arabiske bokstavar før dei kom til Noreg, barnehagebarn med russiske foreldre som skriv namnet sitt med kyrilliske bokstavar, eller barn som har lært å skrive med tamilsk skrift på den tamilske laurdagsskulen.

Ein lærar som har kunnskap om skrifterfaringane til eleven, kan lettare hjelpe eleven til å bygge bru til det norske alfabetiske skriftsystemet. Denne boka gir nettopp det: Grunnleggande kunnskap om skriftsystema og gode råd for korleis arbeid med skriftsystem og synleggjering av den skriftspråklege kompetansen i klassen kan styrke det metaspråklege medvitet hos alle elevane i klassen.

Forfattaren gir mange døme på skriftspråkslæringa til skuleelevar, barnehagebarn og deltakarar i vaksenopplæring og på gode undervisningsopplegg. Både lærarar og lærarstudentar vil ha stor nytte av denne boka.

Edit Bugge er førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet. Der underviser ho i lærarutdanninga og i barnehagelærarutdanninga, og ho er knytt til forskingssenteret BARNkunne. Ho har skrive ei rekkje vitskaplege artiklar om barns språktileigning og om språkleg variasjon og endring.

Detaljer

Forlag
Universitetsforlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
77
ISBN
9788215034928
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2019
Format
19 x 15 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Skriftspråkleg mangfald som ressurs i opplæringa:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Naondel

Maria Turtschaninoff
Innbundet 
390,- 429,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv