Norsk pedagogisk faghistorie
utdrag frå formidling, forsking og debatt
Boka presenterer utdrag frå framveksten av norsk pedagogisk forsking og gir ei innføring i formidlinga av faget med vekt på utvalde idear, personar, institusjonar og kontekstar. Utviklinga frå mellomkrigstida blir vektlagd. Les mer
589,-
Paperback
Sendes innen 3 - 10 dager
Logg inn for å se din bonus
Boka presenterer utdrag frå framveksten av norsk pedagogisk forsking og gir ei innføring i formidlinga av faget med vekt på utvalde idear, personar, institusjonar og kontekstar. Utviklinga frå mellomkrigstida blir vektlagd. Pedagogikkfaget og utdanningsvitskapen vi ser i dag, har historiske røter, og i denne framstillinga vil ein finne bakgrunnsstoff for å forstå meir av den dagsaktuelle debatten om faget. Dei siste tiåra har det komme fleire avhandlingar, antologiar og artiklar om pedagogikk som undervisningsfag og forskingsdisiplin. Ein har derimot sakna samanfattande framstillingar. Denne boka gir ein slik presentasjon. Boka gir eit utdrag av den historiske utviklinga og byggjer både på primærkjelder og på tidlegare faghistoriske forskingsarbeid. Jostein Sæther er professor i pedagogikk ved Norsk Lærerakademi. Han har særleg forska innanfor faghistorie med vekt på pedagogisk psykologi og vitskapsteori, dessutan på verdispørsmål i naturfag.
Detaljer
- Forlag
- Fagbokforlaget
- Innbinding
- Paperback
- Språk
- Nynorsk
- Sider
- 257
- ISBN
- 9788245011739
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2011
- Format
- 24 x 17 cm