Min side Kundeservice Bli medlem

Liv Signe Navarsete

eg veit kva eg snakkar om!

Tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete opnar opp om store gjennomslag og bitre nederlag. Og om forholdet til Oslo-eliten og møta med maktarroganse og ufine mannfolk.

Du hugsar kanskje den grisete tekstmeldinga ho fekk av partifellane, eller kritikken ho møtte etter å ha skjelt ut ein sjukehusaktivist? Tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete frå Sogn er van med hardt vêr. Les mer

390,-

429,- Spar: 39,-

Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Tidlegare Senterparti-leiar Liv Signe Navarsete opnar opp om store gjennomslag og bitre nederlag. Og om forholdet til Oslo-eliten og møta med maktarroganse og ufine mannfolk.

Du hugsar kanskje den grisete tekstmeldinga ho fekk av partifellane, eller kritikken ho møtte etter å ha skjelt ut ein sjukehusaktivist? Tidlegare senterpartileiar Liv Signe Navarsete frå Sogn er van med hardt vêr. Før ho kom inn i rikspolitikken, hadde ho vore gjennom fødselspsykose, blitt enke og hatt eineansvar for eit småbruk. Men om bagasjen var tung, inneheldt han også verdiar Navarsete visste kor viktig det var å slåst for.

Og slåst, det har ho gjort. Boka tek oss med på innsida av store gjennomslag og bitre nederlag. Til venskap og vonde personkampar, til bakrom og hotellrom. Til Statsministerens kontor - og heim til Sogn, dit ho også drog då ho vart langtidssjukemeld med PTSD i 2015. Historia om toppolitikaren Liv Signe Navarsete kunne ha enda der. I staden kom ho tilbake og gjorde det beste stortingsvalet nokon senterpartipolitikar har gjort. Korleis var det mogeleg?

«Eg veit kva eg snakkar om!» gir ikkje berre eit viktig innsyn i ein distriktspolitikars forhold til Oslo-eliten og korleis Navarsete nesten gjekk ut av regjering fordi ho ville redde sjukehuset på Nordfjordeid. Biografien gir også eit unikt innblikk i ein kvinneleg politikars møte med maktarroganse og ufine mannfolk.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
378
ISBN
9788234008511
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022
Format
23 x 16 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Liv Signe Navarsete:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

USA

Espen Hammer
Innbundet 
363,- 399,-
 

Per

Aksel Fugelli
Innbundet 
345,- 379,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv