Edvard Hoem: Liv andre har levd

Liv andre har levd

roman

; Eilert Knudtson (Omtalt)

Som tilfelle er med dei tre første bøkene, vil lesarane høgst sannsynleg bli bergtatt av den nye romanens mange dramatiske forteljingar, av særeigne stemningar, nokre kjellarmørke og andre lysare, både rørande og humoristiske. Men ikkje minst av Edvard Hoems eineståande forteljekunst som er unik i den nynorske samtidslitteraturen.

, Romsdals Budstikke Terningkast 6
Krigen er ein del av bakteppet i Edvard Hoems nye bok om farsslekta si. Men meir enn å vere ei bok om krig og kjærleik er dette eigentleg ei bok om slit og kjærleik - slik livet sjølv kanskje gjerne er ei salig blanding av slit og kjærleik - og død. Les mer
Vår pris: 349,-
Spar: 50,-

Veil. pris: 399,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 1 virkedag

 Kjøp NÅ - få 35 bonuskroner!

Om boka

Presentert av Ruth Lillegraven, forfattar

Edvard Hoem har latt oss få følgje farsslekta si. Dei første vi møtte, var oldeforeldra, slåttekaren Knut Nesje og kona hans, Serianna. Årets bok om familien frå Rekneslia, Liv andre har levd, startar i 1927.

Sonen til Knut og Serianna, Eilert, er heime i Noreg for første gong sidan han utvandra til Canada 34 år tidlegare. Vemodet over at han aldri rakk å sjå foreldra att, blandar seg med gleda over gjensynet med resten av familien og heimtraktene. Då Eilert igjen dreg frå Noreg, blir den 16 år gamle nevøen Lars med han over havet. På andre sida av jordkloden, langt frå alt kjent og kjært, blomstrar tungsinnet ungguten alltid har bore på. 

«På tross av stort persongalleri og en rekke parallellhistorier, er Liv andre har levd hverken sprikende eller rotete. Hoem holder det hele sammen i en imponerende avklart form.» 

Atle Christiansen, Aftenposten

Eilert kjempar også med sitt. Etter kona Martha døydde i barselseng, er han åleine med sorga - og dei åtte barna sine. Arbeidsdagane er evig lange, og gjelda stor. I mange år skal Eilert kome til å brevveksle med styresmaktene for å klare kjøpe tilbake tilleggsjord han har kjøpt, og som staten så har beslaglagt. Men møtet med enka Kate Ness blir eit lyspunkt for Eilert.

Vi følgjer også resten av slekta, borna til slåttekaren er spreidd for alle vindar - ikkje berre i Noreg og i Canada, men også i Danmark. Mellom Eilert og søskena, særleg Anton-Edvard på Hoem i Romsdalen, går breva fram og tilbake over havet, med rapportar om avlingar, gode år og dårlege år, død, fødslar, sjukdom, gleder, sorger. Dei harde trettiåra kjem og går, det same gjer andre verdskrig.  

Edvard Hoem er ein meister til å la alle slags små åer og detaljar flyte saman nedover den store elva vi kallar tid. Alt kvernar og kvervlar til vi nesten umerkeleg har fått teikna opp ei lang rekkje menneskeliv, ei medrivande familiekrønike og eit unikt bilete av ei svunnen tid. Du er din eigen lukkes smed, det har den amerikanske draumen fortalt folk til alle tider. Men er det eigentleg sant?

«Edvard Hoem [har] med disse bøkene brakt oss nærmere et stykke interessant norgeshistorie, båret frem av levende mennesker.» 

Sindre Hovdenakk, VG

Liv andre har levd viser oss kor tøft livet iblant kan vere. Sjukdom, ulukker, død - det er mykje ein ikkje kan gjere noko med, uansett kor hardt ein prøver. Vêr - og uvêr, politikk og økonomiske svingingar spelar også inn. Livet kan vere urettferdig. Og frykteleg tungt. Men i det meste er det gjerne ei strime av lys. Eilert imponerer med ei ukueleg livsvilje og ei eiga evne til å aldri gje seg, berre gå på, igjen og igjen, uansett kva som måtte kome av tørke, haglstormar og anna. Han prøver gjere mest mogleg ut av livet slik det vart.

Midt i alt slitet finst dessutan den slitesterke, uthaldande kjærleiken mellom mann og kvinne - og mellom foreldre og barn. Og som alltid i gode romanar klarar liv andre har levd å seie oss noko viktig også om liva vi sjølve lever og skal leve.  

«Hoem skriver som alltid lett og vakkert og godt, med et overbevisende gammelmodig språk, gjennomsyret av lavkirkelig bibeltro.» 

Cathrine Krøger, Dagbladet

Fakta

Medlemsblad

 

Les utdrag

 

Medlemsblad

 

Anmeldelser

Som tilfelle er med dei tre første bøkene, vil lesarane høgst sannsynleg bli bergtatt av den nye romanens mange dramatiske forteljingar, av særeigne stemningar, nokre kjellarmørke og andre lysare, både rørande og humoristiske. Men ikkje minst av Edvard Hoems eineståande forteljekunst som er unik i den nynorske samtidslitteraturen.

, Romsdals Budstikke Terningkast 6

... vakker og gripende, og den er ført i pennen av en stor dikter.

, BOK365 Terningkast 5

På tross av stort persongalleri og en rekke parallellhistorier, er Liv andre har levd hverken sprikende eller rotete. Hoem holder det hele sammen i en imponerende avklart form.

, Aftenposten

For denne leser er Hoem på sitt beste når han skriver tørt, men ikke uempatisk, om de forskjellige hovedaktørenes liv og levnet.

, Dagens Næringsliv

Hoem skriver som alltid lett og vakkert og godt, med et overbevisende gammelmodig språk, gjennomsyret av lavkirkelig bibeltro.

, Dagbladet

Edvard Hoem [har] med disse bøkene brakt oss nærmere et stykke interessant norgeshistorie, båret frem av levende mennesker.

, VG

Nytt storverk. ... Historien om slåttekar Nesjes etterkommere er historien om livet slik det er; vi forsøker å bakse oss fremover mens historiens virkelige krefter tygger oss rundt.

, Vårt Land

en flott leseropplevelse ... Liv andre har levd er noe så fint og gammeldags fortellende som en slektskrønike. ... Hoems språk er fint, ukunstlet og konkret.

, NRK P2

Hoem er en strålende historieforteller, han kaster seg uti det og gir liv og farge til sine figurer ... Hoems styrke er hans ujålete, presise stil, som også preger høstens roman. ... Han makter å gi overbevisende og troverdig innsikt i enkeltskjebner og liv og dermed gi romanen atmosfære og spenning ... en litterært velskapt roman.

, Dagsavisen