Veil. pris: 149,-
(Innbundet)
Leveringstid:
Ikke i salg
Presentert av Are Kalvø
Det er ikkje tilfeldig eller flaks at Jo Nesbø er ein av Norges mest populære forfattarar. Det er fordi han er god. Og fordi norske boklesarar har peiling. Så du treng sjølvsagt eigentlig ikkje nokon til å fortelje deg at det er verd å kjøpe ei bok med ei ny forteljing av Jo Nesbø.
Men det er likevel det eg skal gjere. For denne Jo Nesbø-boka finst det endå fleire grunnar til å kjøpe. Alle dei vanlige grunnane. Og litt til.
Fordi dei har rett til det
Det hvite hotellet begynner med at den norske forsikringsmannen Thomas
Alvern landar på flyplassen i Bombay. Han er der for å identifisere ein person i samband med eit mulig forsøk
på forsikringssvindel. Thomas Alvern trur det skal bli ein enkel og grei jobb. Det blir det ikkje. Og det passar i grunnen
bra. For denne boka handlar på meir enn ein måte om å ta på seg vanskelige jobbar. Veldig vanskelige
jobbar.
I år 2000 vedtok FN tusenårsmåla, der det mellom anna står at alle verdens barn skal gå på skule innan år 2015. Ein vanskelig jobb, må ein kunne seie. Redd Barna har tatt på seg å gjere sin del av denne jobben. Ikkje den enklaste delen heller. Redd Barna leiar den store og ambisiøse internasjonale kampanjen ABC redder barna, som har som mål å gi skulegang til 8 millionar barn i område med krig og konflikt. Ein vanskelig jobb, men ein viktig jobb. Fordi skulegang er det som kan gi håp om normalitet, fordi land ramma av krig treng ein generasjon med skulegang når landet og framtida skal byggast. Og fordi barna sjølve ønsker det og har rett til det.
"Redd Barna inviterer Norges beste forfattarar til å gjere det dei kan best, fortelje historier."
Redd Barna arbeider med dette på mange måtar. Denne boka er ein del av arbeidet. Dette er den første i ein serie av bøker der Redd Barna inviterer Norges beste forfattarar til å gjere det dei kan best, fortelje historier. Historier som er underhaldande, spennande, engasjerande, skremmande, morsomme, pussige eller noko av alt det andre som gode historier kan vere. Og historier som på ein eller annan måte handlar om det kampanjen ABC redder barna handlar om.
Jo Nesbøs forteljing Det hvite hotellet er for eksempel ikkje berre ei historie om ein forsikringsmanns jakt på ein mulig svindel, men også ei historie om ein nordmanns møte med fattigdom, med meir eller mindre utspekulerte former for tigging, og spesielt med ei lita jente på eit rullebrett.
Og om mykje anna, som i alle gode historier. Om å ikkje sjå folk i auga, for eksempel. Og om ekteskapsproblem. Og om det å lytte til gode råd frå folk som har vore i India før.
Årets julegave
Inntektene frå boka går til Redd Barnas arbeid med å gi skulegang
til barn i område ramma av krig og konflikt. Kjøper du boka, hjelper du til litt, i tillegg til at du får
ei god ny historie av ein av Norges beste forteljarar. Kjøper du mange eksemplar av boka, hjelper du litt meir. Du
kan for eksempel gi boka i julegåve til slekt og venner og forretningsforbindelsar. Dei vil ikkje ha strømper
eller minnepinnar med firmalogo likevel. Det er ingen som vil ha det. Gi dei heller denne boka.
"Inntektene frå boka går til Redd Barnas arbeid med å gi skulegang til barn i område ramma av krig og konflikt."
Sjølvsagt treng du ingen fleire gode grunnar til å kjøpe ei Jo Nesbø-bok. Det hvite hotellet er sjølvsagt spennande, engasjerande, gjenkjennelig og velskriven. Morsom er han også, midt oppe i det heile. Så du treng ikkje fleire grunnar. Men no har du fått det også.
Are Kalvø er forfattar og komikar. Han har initiert eit samarbeid mellom Aschehoug og Redd Barna, der overskuddet går til ABC redder barna.
- FAKTA
-
Utgitt:
2007
Forlag: Aschehoug
Innbinding: Innbundet
Språk: Norsk Bokmål
Sider: 59
ISBN: 9788252567557
Utgave: 1. utg.
Nr: 5010284
- VURDERING
-
Gi vurdering
Les vurderinger