Min side Kundeservice Bli medlem

Profesjonsetikk for psykologar

Som psykolog vil ein stå overfor ei rekkje etiske utfordringar, både som behandlar og i andre roller. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis du kan bu deg på utfordrande situasjonar du kan møte som psykolog. Les mer

319,-
Paperback
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Som psykolog vil ein stå overfor ei rekkje etiske utfordringar, både som behandlar og i andre roller. Denne boka om profesjonsetikk handlar nettopp om det, om korleis du kan bu deg på utfordrande situasjonar du kan møte som psykolog.

Forfattarane viser korleis profesjonsetikken spring ut av det samfunnsmandatet psykologar har. Profesjonsetiske retningslinjer (EPNP) og gjeldande lovverk blir gjennomgått, og tema som teieplikt, bruk av tvang, fagleg tvil og rolleforståing blir grundig behandla. Kjennskap til grunnlagsetikk er eit viktig bakteppe for etisk refleksjon, og i eit eige kapittel blir dei viktigaste etiske teoriane presentert. Her viser forfattarane korleis teoriane gir ulike inngangar til etiske dilemma. Forfattarane illustrerer typiske etiske problemfelt gjennom gjenkjennelege vignettar der studentane blir inviterte til å bruke «Den etiske beslutningsprosessen» for å oppøve etisk refleksjon. Avslutningsvis blir forskingsetikk behandla i eit eige kapittel.

Nina Dalen (f. 1960) er psykologspesialist, privatpraktiserande psykolog og tidlegare leiar av Fagetisk råd. Ho er dessutan medlem av «Board of Ethics», som er etikkomiteen til den europeiske samanslutninga av psykologforeiningar. Dalen har tidlegare bidratt i fleire antologiar om profesjonsetikk og blogga om etikk på psykologforeningen.no.

Knut Dalen (f. 1954) er professor i klinisk nevropsykologi og privatpraktiserande psykolog. Han har vore leiar for Fagetisk råd og er no leiar av ankeutvalet for fagetiske klagesaker i Norsk psykologforening. Dalen har vore medlem i REK Vest, Den nasjonale komiteen for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk og det forskingsetiske ekspertpanelet til EU-kommisjonen, og er i dag medlem i Den rettsmedisinske kommisjon. Han har tidlegare gitt ut ei rekkje nasjonale og internasjonale publikasjonar og bokkapittel om profesjons- og forskingsetikk.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
148
ISBN
9788252194791
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2019
Format
22 x 15 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Profesjonsetikk for psykologar:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv