Meny

Skjulte perler i Sunnmørsalpane

116 fantastiske fotturrar

; Pål-Are Vadstein (Fotograf)

Sunnmørsalpane er ei skattekiste for turgåarar og fjellfolk. På toppen av ein av dei mange tindane kan du skode utover eit alpe- og fjordlandskap du kanskje ikkje finn nokon annan stad i verda. Mange kjende fjell har godt etablerte turruter og er grundig skildra i turlitteraturen, men det er framleis mange fjell som er kvite flekkar på turkartet. Les mer
Vår pris
437,-
Spar
62,-

Veil. pris: 499,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Innbundet
Legg i
Innbundet
Legg i
Vår pris: 437,-
Spar: 62,-

Veil. pris: 499,-  (Innbundet) Fri frakt!
Leveringstid: Sendes innen 3 virkedager

Sunnmørsalpane er ei skattekiste for turgåarar og fjellfolk. På toppen av ein av dei mange tindane kan du skode utover eit alpe- og fjordlandskap du kanskje ikkje finn nokon annan stad i verda. Mange kjende fjell har godt etablerte turruter og er grundig skildra i turlitteraturen, men det er framleis mange fjell som er kvite flekkar på turkartet.

Fjellturar er meir populært enn nokon gong, og Sunnmørsalpane og Hjørundfjorden er i ferd med å bli gjenoppdaga for alvor, både av fastbuande og tilreisande. Hurtigruten siglar inn i fjorden og vi ser ein turismeboom i området.

Bli med den lokale og fjellkjende Pål-Are Vadstein som turguide på oppdagingsferd til fjell som ikkje har opptrakka stiar. Dette er ein døropnar inn til dei ukjende delane av Sunnmørsalpane. Her kryr det av setrer, ikkje berre tindar, horn eggar og niper. Setrane utgjer ein viktig del av kulturlandskapet og eit turmål kan like gjerne vere ei seter som ein fjelltopp. I boka syner Vadstein fram dei setrane folk flest ikkje har høyrt om og som framleis står fram i si naturlege og opphavelege form.

Boka er interessant for erfarne fjellfolk som vil ha inspirasjon til nye ruter, men skildrar òg enklare turar som vil passe perfekt for familiar på søndagstur. Kanskje er det ein spektakulær tur rett utanfor døra di som du ikkje har visst om? Boka er gjennomillustrert med lokkande foto og informative kart, og omfattar til saman over 100 fjelltoppar i tillegg til gode tips til ein vellukka fjelltur, utstyrsliste og utvalde forteljingar og segn knytt til dei forskjellige fjella. Rutene er tilpassa turar på våren, sommaren og hausten.

«Skjulte perler i Sunnmørsalpane» syner fram heilt unike og spennande turmoglegheiter som dei fleste ikkje visste var moglege.
FAKTA
Utgitt:
Forlag: Skald
Innbinding: Innbundet
Språk: Norsk Nynorsk
Sider: 384
ISBN: 9788279593348
Utgave: 1. utg.
Format: 22 x 14 cm
KATEGORIER:

Bla i alle kategorier

VURDERING
Gi vurdering
Les vurderinger