Min side Kundeservice Bli medlem

Island

eit varmt portrett av ein fargerik kultur

«Det er særleg i dei intervjubaserte strekka ein får glede av Fyllingsnes som ein nysgjerrig og open forteljar.»

Mette Karlsvik, Dag og tid

Mange meiner at Noreg er det vakraste landet i verda - hadde det ikkje vore for Island. Frå nådelaus natur når dei kvite vinterstormane står på som verst, til den milde våren der lupinane dekkjer landet som ein blå brann. Les mer

454,-

499,- Spar: 45,-

Innbundet
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Mange meiner at Noreg er det vakraste landet i verda - hadde det ikkje vore for Island. Frå nådelaus natur når dei kvite vinterstormane står på som verst, til den milde våren der lupinane dekkjer landet som ein blå brann. Island er høgt elska for det ville og vakre landskapet med sine store sletter, varme kjelder og eksotiske vulkanar som tek pusten av oss.

Gjennom levande reiseskildringar og interessante menneskemøte skriv Ottar Fyllingsnes fram eit fascinerande og varmt portrett av Island og islendingen. Dette er boka for den som verkeleg har lyst til å kome under huda på den islandske kulturen og bli kjend med sider ved det islandske samfunnet som ikkje kjem fram i tradisjonelle reiseguidar. Saman med dei slåande fotografia til Harald Hognerud blir boka ein komplett kulturhistorisk vegvisar til eventyrøya. Skildringane strekkjer seg frå sagatida og fram til dagens internasjonale og moderne Reykjavík, der vi mellom anna får bli med til ein kjend pølsekiosk som har hatt Bill Clinton som kunde.

Island er kåra til det mest likestilte landet i verda for elleve år på rad og er eitt av dei tryggaste landa å reise til som turist. I tillegg er landet ei kulturell stormakt, som har produsert noko av den vakraste musikken og litteraturen vi kjenner til. Fyllingsnes dykkar med denne boka djupt ned i den islandske kulturen, politikken og naturen for å prøve å finne svaret på kvifor den vesle øya har ei slik magisk tiltrekkingskraft på oss.

Detaljer

Forlag
Skald
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
381
ISBN
9788279593010
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022
Format
24 x 18 cm
Nr
8203512

Bla i boka

Anmeldelser

«Det er særleg i dei intervjubaserte strekka ein får glede av Fyllingsnes som ein nysgjerrig og open forteljar.»

Mette Karlsvik, Dag og tid

«En tydelig begeistret forfatter . som har fotograf Harald Hognerud med på laget . har funnet gode kilder til alt fra alvenes hverdag til fallosmuseets stigende popularitet.»

Runar Larsen, Vagabond Reiselyst

«Mange bøker er skrivne i Sverige, Danmark og Norge om Island. [.] Ottar Fyllingsnes og Harald Hognerud hevdar seg heilt i toppen i dette gjæve selskapet med sine to gjennomarbeidde bøker frå Vest-Norden. Det varme portrettet av Island er skrive med kunnskap, kjærleik og begeistring.»

Jan Kløvstad, Nordisk tidskrift

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Island:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Nomino

Gøril Grov Sørdal
Innbundet 
363,- 399,-

Volga

Geir Pollen
Innbundet 
409,- 449,-
 

1814

Karsten Alnæs
Innbundet 
409,- 449,-

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv