Min side Kundeservice Bli medlem

Trans-Sovjet ekspress

gjennom underjordiske katedralar, luftslott og revolusjonære ruinar

I 40 år har Kjartan Fløgstad reist i Russland. Frå Sibir til Austersjøen, frå Svartehavet til Kolahalvøya har han sett stadig nye sider av eit forunderleg naboland. No reiser han austover på ny - 100 år etter den store revolusjonen. Les mer

409,-

449,- Spar: 40,-

Innbundet
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

I 40 år har Kjartan Fløgstad reist i Russland. Frå Sibir til Austersjøen, frå Svartehavet til Kolahalvøya har han sett stadig nye sider av eit forunderleg naboland. No reiser han austover på ny - 100 år etter den store revolusjonen.
I denne boka oppsøker Fløgstad restane av Sovjetunionen slik dei ser ut i dag - arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta luftslott, utopiar og mareritt. Både i dagens Russland og i andre delar av den tidlegare Austblokka spør Fløgstad kva som står att av dette korte hundreåret med sovjetsosialisme. Og ikkje minst: Kva betyr desse minna i dag? I mur og glas og stål og betong og laminat er ein særegen arv framleis med oss, rett over grensa til vårt største naboland mot aust, som minne om draumen om eit anna samfunn.
Dette er òg ei personleg reise gjennom fem tiår av historia til vårt store naboland i aust.
«Eg har vore forfattar og delegat i Moskva, Tallinn, Jerevan, og i Syftikar, hovud staden i Komi-republikken. Eg har bada i Pitsunda ved Svartehavet. I Norilsk i Nord-Sibir har eg ræppa om E 76 over Haukelifjell på kulturpalasset med 42 grader minus utanfor vindaugo. Eg har drukke kvas frå tankbil og vodka av flaska.» Frå forordet.

Detaljer

Forlag
Vigmostad & Bjørke
Innbinding
Innbundet
Språk
Nynorsk
Sider
383
ISBN
9788241912139
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2017
Originaltittel
Trans-Sovjet ekspress
Format
21 x 18 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Trans-Sovjet ekspress:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Høst
-25 %

Høst

Ali Smith
Paperback 
172,- 229,-
 

Afrika

Tore Linné Eriksen
Innbundet 
454,- 499,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv