Min side Kundeservice Bli medlem

Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus

seks samtalar og eit isbad med biskop Kari Veiteberg

«Sigri Sandberg gir et kompetent og tilgjengelig portrett av Oslo-biskop Kari Veiteberg. Sigri Sandberg lykkes med å la oss komme under huden på en av Den norske kirkes mest markante lederskikkelser. Samtidig er det en bok som ikke bare gir leserne svar,»

Erik Lunde, Vårt Land

Biskop i krisetid.

Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo. Og ho er det i ei underleg tid.
For no herjar koronaen, naturen kollapsar, klimaet blir endra, fundamentalistar krigar,
det offentlege ordskiftet hardnar, og det blir stadig fleire flyktningar. Les mer

299,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Biskop i krisetid.

Kari Veiteberg er den første kvinnelege biskopen i Oslo. Og ho er det i ei underleg tid.
For no herjar koronaen, naturen kollapsar, klimaet blir endra, fundamentalistar krigar,
det offentlege ordskiftet hardnar, og det blir stadig fleire flyktningar. Noreg er eit av dei
mest sekulariserte samfunna i verda, men har trua noko å gje oss i krise og kvardag som vi ikkje finn andre stader? I så fall kva? Kva trur biskopen i Oslo sjølv? Og kven er ho?

I denne boka snakkar Veiteberg om alt dette. Om eigen oppvekst, om å vere kvinne og prest, om ei kyrkje og ei verd i endring, om himmel og håp og det heilage. Veiteberg er kjend for sitt sterke sosiale engasjement, ho har jobba blant uteliggjarar og rusavhengige, og som biskop opna ho ei kyrkje nattetid for heimlause.

Biskopen i Oslo fyller 60 år i 2021. Då er det også 60 år sidan den første kvinnelege presten vart ordinert i Den norske kyrkja.

Kari Veiteberg (f. 1961) er biskop i Oslo. Ho er frå Stord, har doktorgrad i teologi og
mellomfag i teatervitskap. Ho har skrive fleire artiklar og bøker, mellom anna Bibelens
kvinner og Evas døtrer. Ho har vore synleg som prest og biskop i både radio og TV, ho har jobba både som prest i Kirkens Bymisjon og undervist i ulike teologiske emne.

Sigri Sandberg (f. 1975) er journalist, prestedotter og agnostikar. Ho har jobba for norsk presse i over 20 år og gjeve ut 15 bøker, flest om natur, klima og menneske..

Detaljer

Forlag
Samlaget
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788234004421
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021

Les utdrag

Åpne utdrag her

Anmeldelser

«Sigri Sandberg gir et kompetent og tilgjengelig portrett av Oslo-biskop Kari Veiteberg. Sigri Sandberg lykkes med å la oss komme under huden på en av Den norske kirkes mest markante lederskikkelser. Samtidig er det en bok som ikke bare gir leserne svar,»

Erik Lunde, Vårt Land

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Eg hadde ikkje orka Gud utan Jesus:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv