Min side Kundeservice Bli medlem

Vinduet. Nr. 1 2019

Årets fyrste Vinduet reiser til Balkan, Midtausten og Svalbard - og sjølvsagt på kryss og tvers av litteraturen.
I denne utgåva av Vinduet kan du mellom anna lese ei nyskriven reiseskildring signert Nils Henrik Smith, og om Carline Tromp si reise i fotefara til den nederlandske forfattaren Arnon Grunberg i Midtausten og Polen. Les mer

180,-
Paperback
Sendes innen 1 virkedag

Logg inn for å se din bonus

Årets fyrste Vinduet reiser til Balkan, Midtausten og Svalbard - og sjølvsagt på kryss og tvers av litteraturen.
I denne utgåva av Vinduet kan du mellom anna lese ei nyskriven reiseskildring signert Nils Henrik Smith, og om Carline Tromp si reise i fotefara til den nederlandske forfattaren Arnon Grunberg i Midtausten og Polen.

Også fleire av dei andre tekstane i dette nummeret har reisa som motiv, ikkje minst skriv Kåre Bulie og essayisten og reiseskildraren Tor Eystein Øverås, og Ole Robert Sunde skriv om sitt vintereksil på Svalbard.

Av andre, meir kortreiste bidrag kan Ida Jackson sin brannfakkel av ein tekst om stoda til den norske ungdomslitteraturen nemnast. Når det vert utgitt så mange vaksenbøker som strengt tatt kunne vore ungdomsromanar, og når det finst så mange ungdomsromanar som hadde fleire lesarar og meir kritisk merksemd, er det på tide å bryte ned skiljet mellom «ung» og «vaksen» i bokhylla, slår Jackson fast.

Dessutan skriv Hedda Lingaas Fossum om diktinga til den nyleg avdøde og høgt verdsette poeten Mary Oliver, Anemarie Neple om Tor Ulven sitt forhold til Vinduet på 1970-talet og Kim Klev om tekstforfattaren Kate Bush. Og ja: Jonas Gahr Støre spør norske forfattarar om det neste kapittelet i forteljinga om Noreg.

Og meir til - sjå fullstendig innhaldsoversikt her!

Detaljer

Forlag
Gyldendal
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Bokmål Norsk Nynorsk
Sider
138
ISBN
9788205526587
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2019
Format
27 x 21 cm
Serie
Vinduet

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Vinduet. Nr. 1 2019:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Facts

Philip Roth
Paperback 
160,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv