Meny

Vinduet. Nr. 2 2019

Maria Horvei (Redaktør)

Temanummer om skeiv litteratur!
I juni 2019 er det 50 år sidan ei politiransaking av utestaden Stonewall Inn i New York utløyste dei opptøyene som skulle bli til starten på den moderne, verdsomspennande rørsla for LHBT-rettar og Pride. Les mer
Vår pris
180,-

(Paperback)
Leveringstid: Sendes innen 1 virkedag

Vår pris: 180,-

(Paperback)
Leveringstid: Sendes innen 1 virkedag

Om boka

Temanummer om skeiv litteratur!
I juni 2019 er det 50 år sidan ei politiransaking av utestaden Stonewall Inn i New York utløyste dei opptøyene som skulle bli til starten på den moderne, verdsomspennande rørsla for LHBT-rettar og Pride. Vinduet markerer jubileet med eit temanummer om skeiv litteratur - som eit lite bidrag til å kaste lys over kva rolle litteraturen har spelt i norsk LHBT-historie, og for å undersøke ei lita promille av dei problemstillingane det skeive perspektivet opnar opp for.
Nummeret er i butikk 13. juni, og vert lansert under under Oslo Pride, sundag 16. juni kl. 16.30.
Av innhald finst det er eit historisk overblikk over dei fyrste uttrykka for homofili i norsk litteratur, essays av mellom andre Bjørn Hatterud, Kristin Fridtun, Rebecca Scherr og Carina E. Beddari og skjønnlitterære bidrag av Ylva Wærenskjold og Marjam Idriss. Her er også fyldige forfattarintervju med Gudmund Vindland, Gerd Brantenberg, Mona Høvring og Eileen Myles, bokmeldingar, biletserie og mykje, mykje anna.

Fakta