Meny
Velg blant 2,6 millioner titler

Festkaker av torsk

(4 porsjonar)

200 g avskjær og halekjøt av torsk
2 ts salt
1 egg
1 dl fløyte
olje eller smør til steiking
litt urtepuré

Torsken er laus og ikkje så vanleg å bruke i farser utan tilsetjing av mjøl til å binda farsa med. Men det går, om ein steikjer kakene pent. Kjør farse av kjøt, salt, egg og fløyte. Ver nøye med at alle ingrediensane er godt avkjøla før du tek dei i kjøkenmaskina. Lag fine kaker, som du steikjer med ein gong på pen varme til dei startar å svulme. Server med ein gong. Det betyr at saus, grønsaker og poteter må vera ferdige før kakene går i panna. Server gjerne med råsteikte potetterningar, steikt blomkål og fiskekremsaus tilsmakt med sitron. Ei teskei urtepure på kakene er au godt.

Urtepuré:
3 dl olivenolje
1 dl pinjekjærner
3 sjalottlauk
1 god bunt graslauk
50 g fersk riven parmesan
litt salt og peppar

Kjør alle ingrediensane på kjøkenmaskina til ein fin puré. Ha i parmesan berre siste 15-20 sekunda, elles vil den klumpe seg på grunn av varmen som oppstår. Oppskrift frå: Tid til overs - matfilosofi frå Vianvang

Velg blant 2,6 millioner titler