Bok 6: Dustefjerten av Rune Belsvik
Det skrives ikke bedre litteratur for barn i Norge i dag. Bøkene om Dustefjerten viser slektskap med Ole Brumm og Mummi, og
fascinerer og gleder både barn og voksne.
Om du ikkje kjenner Dustefjerten frå før, er det på høg tid. Rune Belsvik har høsta mange
lovord for bøkene. Her har han presentert Dustefjerten og vennane hans:
Dustefjerten sitt arbeid er å kasta ploppesteinar i bekken. Han er glad i alt som er vanleg, og
håpar at ingenting vil forandra seg. Den største forandringa han har opplevd, er at han ein dag fann eit egg
ved bekken. Ut av egget kom ein andunge. Etter det har Dustefjerten vore far for andungen. Når Dustefjerten tenker på
denne store forandringa så synest han, merkeleg nok, at det er det finaste som har skjedd i livet hans.
Andungen lurer på kor han var før han kom inn i det egget han kom ut av. Det kjem heile tida
nye tankar fram i hovudet hans. Han tenker på kva han skal bli når han blir stor. Han tenker på kva han
skal underhalda med på marsipanfesten. Og så tenker han på kor alle desse tankane kjem frå.
Oktava synest det er viktig å halda hjarta varmt. Ho likar å halda hjarta varmt med å
pynta eller synga eller føysa eller tøysa. Dessutan drømmer ho om ein kjærast. Ho trur det kan
vera nok å ha kjærasten i 10 minutt. Etterpå kan ho kosa seg med minna.
Bollefisen drømmer om å bli berømt. Då vil alle stå i kø for å
få namnet hans på ein lapp. Dessverre er han ikkje berømt. Han veit ikkje kva han kan bli berømt
for heller. Han føler berre på seg at han ville passa veldig godt til å vera det.
Kavringreven er bakaren i landet. Han lengtar etter ein gullfisk. Ein dag blir han så lei av å
baka at han stenger heile bakeriet. Han vil ikkje laga meir deig før han finn ein gullfisk, seier han.
Holesnusken bur i den største hola i landet. Om sommaren høgg han ved. Om vinteren sparar
han ved. Han brenn aldri ein pinne. Han elskar å spara. Men aller mest elskar han å hogga ved, for då gjer
han i tillegg noko nyttig.
Berghøna ligg heile vinteren langt inne i skogen på ein stein. Ho prøver av heile
sitt hjarta å halda steinen varm. Alle som har vanskelege spørsmål, og er modige nok, går til berghøna
for å be om råd.
Alle i det vesle landet ved bekken har tidlegare vore i barnetimen for de minste på NRK. Dei har
vore i bokklubben Blåmann. Dei har vore figurteater på Agder Teater, familiemusikal på Det Norske Teatret
og opera på Opera Sør. Ei av forteljingane finst som lydbok. Eg trur Bollefisen alt er litt berømt utan
at han veit om det.
Publisert: 03.12.2007 |