Meny
 
Utdrag fra Innsirkling

Jon

Utdrag frå Carl Frode Tiller: Innsirkling

Jon:
Ønsket om å dra bort var ein av fleire ting som knytte oss saman. Vi hadde eit felles ønske om å reise bort frå Namsos og aldri komme tilbake igjen. Allereie som elleve-, tolvåring, hengte eg opp ein stor plakat som viste New York by night, og på kveldane før eg sovna låg eg ofte og førestilte meg korleis det ville vere å bu i akkurat den bestemte gata, i akkurat den bestemte skyskraparen, bak akkurat det bestemte vindauget. Allereie da hadde eg ei kjensle av at det livet eg var meint å leve, ikkje var mogleg å leve i den vesle, dovne sagbruksbyen der eg budde, og dette vart eg enda meir overtydd om da eg møtte deg, for vi utvikla ein slags felles forakt for det småbylivet vi hadde vakse opp med. Vi likte å rakke ned på og le av Namsos og namsosingar, vi nådde ein slags fellesskapsrus der vi rusla omkring på måfå og overgjekk kvarandre i å mislike byen og dei som budde der. Vi ønskte oss bort frå sentrumsgater som var stille og daude etter klokka fire på ettermiddagen, vekk frå vinden og regnet som kom inn ifrå fjorden og piska hardt mot dei grå femtitallsklossane av nokre bygningar, vekk frå pølsebua der skrålande ungdom med heimbrent og grapesoda på innerlomma pla samlest på laurdagskveldane, og der ei tung frityrlukt blanda seg med den skarpe eimen av svidd gummi frå taunusar som burna ned Havnegata. Vi dyrka førestillinga om namsosingane som bondske og  navlebeskuande og oss sjølve som opne, nysgjerrige og med blikket vendt ut mot den store verda, og vi fekk aldri nok av å fortelje kvarandre kor lite Namsos var, kor isolert og avskjerma frå resten av verda det var. "Snart kjem vel Ben Hur til Namsos Kino også," kunne vi seie, når vi snakka om filmar vi syntest hørtes interessante ut og som hadde komme til dei største byane, men som vi måtte finne oss i å vente på i kanskje to, tre månadar til, om dei i det heile tatt kom.

 

Publisert: 02.01.2008
Velg blant 2,6 millioner titler