Min side Kundeservice Bli medlem

Bipersonar

Dei er alle bipersonar i kvarandres liv: Thomas lever for musikken. Sonen Kjell er ein gut som veit at faren vil stifte familie med ei ny kvinne. Svigerfaren Marselius er ein sta og innbitt gammal opprørar som lir under skuldkjensle for eigne svik. Les mer

99,-

149,- Spar: 50,-

Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Dei er alle bipersonar i kvarandres liv: Thomas lever for musikken. Sonen Kjell er ein gut som veit at faren vil stifte familie med ei ny kvinne. Svigerfaren Marselius er ein sta og innbitt gammal opprørar som lir under skuldkjensle for eigne svik. Og bror til Thomas, Ivar, er bonde og djupt kristen og freister å mekle i konfliktene i sin eigen familie. Ikkje minst treff vi Arnt, forfattaren som har dikta opp desse bipersonane, men sjølv blir forstyrra av bipersonane i sitt eige liv mens han skriv.

Detaljer

Forlag
Aschehoug
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788203196812
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2012

Lytt til utdrag

Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven

Les utdrag

Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

K
Kl – 05.12.2008

– Carl Frode Tiller, etter min mening Norges kanskje viktigste samtidsforfatter, fikk blandede kritikker for denne romanen. Og den gir virkelig et blandet inntrykk. På den ene siden brilijerer Tiller med skarpsindige observasjoner av menneskelig interaksjon ("ja, sånn er det!" tok jeg meg i å si flere ganger under lesingen, han har stor empati med at livet er vanskelig for oss alle, og han evner å gi kjøtt og liv til sine romanpersoner. På den andre siden så virker det som om det ikke holder for Tiller å være en realistisk og psykologisk forfatter, han vil også gjerne være postmoderne og leke med form. Derav kommer den tåpelige sistedelen av denne romanen, som trekker ned helhetsinntrykket av det som kunne vært et mesterverk. Fortsatt verdt å lese!

S
Skancke – 17.10.2008

– Thomas er hovedperson i denne romanen, en mann som har mange byrder å bære. Thomas forteller imidlertid ikke sin historie selv, derfor tittelen "bipersonar". Thomas' liv skildres gjennom øynene på hans to sønner, hans bror, svigerfar og til slutt forfatteren av romanen. Et interessant grep og en spennende måte å bygge opp et karakterportrett på! Tiller har stor psykologisk innsikt, og for å få frem alle nyansene i menneskesinnet må han, når han har valgt monologer som hovedform, gi karakterene sine denne innsikten. Dessverre blir dette ikke troverdig i forhold til enkelte av bipersonene - en slik selvinnsikt finner jeg det usannsynlig at de har. En ting jeg syns dro boka ned på et nivå som dessverre førte til at jeg gjentatte ganger vurderte å legge den fra meg, er at den innimellom ble veldig kjedelig! Det er for lite driv og for lite handling i boka! Det er en meget sterk fortelling og forfatteren bruker en spennende form, men det holder ikke når han ikke klarer å fange min interesse gjennom hele romanen - Dessverre - for denne romanen hadde potensial i seg til å bli "stor".

S
S – 21.08.2008

– Tiller fortel her historia om musikaren Thomas Isaksen, ein mann som må tole mange plager. Ein son døyr, ein annan er valdeleg, kona får ein kronisk sjukdom og han har konfliktar med mor og bror. Det spesielle er at historia hans blir fortalt gjennom andre, gjennom bipersonar i livet hans, sjøl kjem han berre til orde i korte replikkvekslingar med desse personane. Dette er eit vellukka grep. Kvar av bipersonane har sin særeigne stil, sine eigne ting å stri med og naturlegvis sine eigne tankar om kven Thomas er. Eldstesonen teiknar eit heilt anna bilde enn bror og svigerfar. Så langt er alt greitt. Ja, meir enn det, det er veldig bra. I den same intense, kvernande stilen som Tiller etablerte i debutboka strevar desse folka med å leve utan å få det særleg godt til, det blir dårleg teater og drama kring detaljar som dei ser er latterlege utan at dei greier å få gjort noko med det. Men på side 192 dukkar problemet opp, i form av forfattaren Arnt, som er skrivaren av romanen "Bipersonar". Han gir til beste ei analyse av kvifor han skriv så triste bøker, noko som forvandlar dette til eit stort rot!

B
Baardemann – 02.06.2005

– Carl Frode Tiller imponerar med sterke personskildringar og psykologisk innsikt, men han kjem ikkje heilt i mål med andreboka si. I Bipersonar møter vi eit spanande persongalleri som forfattaren skildrar på ein førebiletleg måte. Personane framstår med eigne, tydelege personlegdomar og sine heilt særeigne måtar å fortelje på. Fem av personane vekslar på å føre ordet. I sentrum for handlinga står musikaren Thomas Isaksen, som ikkje får sleppe til som forteljar. Kven som er hovudpersonen, og kven som er bipersonar er eit ope spørsmål.
Historia startar idet kona til Thomas er på sjukehus etter å ha vorte råka av uhelbredeleg sjukdom. Thomas freistar å stifte ny familie med ei ny kvinne, noko eldstesonen Kjell har svært vanskeleg for å akseptere. Men dette er berre blåbær mot det som seinare skal komme til å råke familien Isaksen.
Det er nokre særtrekk som går att hjå personane i denne boka. Dei er knuga av tragedier, sin eigen psyke og/eller personar som står dei nær. Det gjer at dei (opplever at dei?) har svært lite handlingsrom, og få synlege utvegar ut av det uføret dei er i. Dei kjenner seg med andre ord som bipersonar i sine eigne liv.
Tiller disponerar teksten klokt, held tilbake informasjon, og porsjonerar den ut slik at boka får ei stadig stigane spaningskurve. Norke parti av teksten grip skikkeleg tak i meg. Personane til Tiller er skildra så nyansert og truverdig at eg verkeleg bryr meg om korleis det går med dei. Andre parti er klart svakare. Nokre stader er det litt for lett å lese kva forfattaren meiner om romanpersonane. Det gjeld særleg i tilhøvet mellom levemannen Thoman og den djupt religiøse broren Ivar.
På eit tidspunkt i teksten dukkar forfattaren sjølv opp. Det er eit ikkje heilt originalt grep, og her er det dessutan ikkje heilt vellukka. Forfattaren kommenterer sin eigen skriveprosess, og kommuniserer med sine eigne romanpersonar. Det blir litt mykje babling, og det heile verkar litt kunstig og utanpåklistra.
I sum har vi å gjere med ein roman der enkelte av delane er framifrå og heilskapen er ganske god.

Oppdag mer

Bøker som ligner på Bipersonar:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv