Min side Kundeservice Bli medlem

Stormfulle høgder

Stormfulle høgder (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Den dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda om Catherine og den vondsinna Heathcliff, sjokkerte i samtida, ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer. Les mer

299,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Stormfulle høgder (1847) er ein av dei mest lesne engelske klassikarane i verda og den einaste romanen skriven av Emily Brontë. Den dystre kjærleikshistoria frå den nordengelske landsbygda om Catherine og den vondsinna Heathcliff, sjokkerte i samtida, ikkje minst fordi Brontë i romanen braut med litterære og moralske normer. Etter kvart har verket blitt rekna blant dei ypparste frå 1800-talslitteraturen, og karakterane Brontë skapte har i all sin mørke villskap fascinert lesarane fram til i dag. Den mytiske statusen til verket har vakse med tallause filmatiseringar og andre omarbeidingar. Emily Jane Brontë (1818-1858) er i dag ein av dei store kultforfattarane i verda. Ho debuterte i lag med systrene Charlotte og Anne i 1846 og brukte då det mannlege pseudonymet Ellis Bell. Brontë levde tilbaketrekt og døydde av tuberkulose berre 30 år ung. I litteraturen knytte ho seg til den gotiske tradisjonen og var oppteken av det patriarkalske samfunnet og kvinnene sin ufrie situasjon i heimen. Denne kombinasjonen gjorde at ho i dag vert sett på som stiftar av ein ny sjanger: den kvinnelege gotikken.

Detaljer

Forlag
Skald
Språk
Nynorsk
ISBN
9788279592754
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2019
Originaltittel
Wuthering heights
Serie
Skalds klassikarar

Lytt til utdrag

Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven

Les utdrag

Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Stormfulle høgder:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv