Min side Kundeservice Bli medlem

Samuel Pedersens reisedagbok

Årets diktbok er ei samanhengande forteljing med eit frodig billedgalleri og mange avstikkarar i handlinga. Motoren i den lyriske forteljinga er plassert i ein heimekonstruert bubil som pensjonert adjunkt med opprykk Samuel Pedersen har kjøpt på finn. Les mer

332,-

379,- Spar: 47,-

Sendes innen 3 virkedager
Årets diktbok er ei samanhengande forteljing med eit frodig billedgalleri og mange avstikkarar i handlinga. Motoren i den lyriske forteljinga er plassert i ein heimekonstruert bubil som pensjonert adjunkt med opprykk Samuel Pedersen har kjøpt på finn.no. Med denne legg han ut på tur med pensjonert straumavlesar Inga som han vonar det kan bli eit nært forhold av etter at hans første kjærleik, Olga, omkom då fallskjermen hennar ikkje falda seg ut. Han fører dagbok, der dei faktiske hendingane på bubilturen blandar seg med hans draumar og tankar, som i stigande grad dreier seg om den opprørske paven og pavens hund. I dagboka les vi om ein kallskapellan på moped, ein plagsam gamling som ender sitt liv ved eit skjorereir, ei kroppsøvingslærarinne på studietur til Roma og ein bonde som tek tarmutreinsingsmiddel medan garden blir styrt av ein desperat avløysar frå Litauen. Og medan handling og fabulering rullar fram med bubilens ferd, driv kjærleiken sitt fine spel med dei aldrande to på tur.

Den syriske poeten Adonis skriv om Knut Ødegårds poetiske språk at det er "ei stendig rørsle mellom det verkelege og det oppdikta, som om det bølgjer mellom det historiske og det mytiske, eit språk som alltid er tett bunde til det kroppslege med lyst, lidenskap, begeistring og vâre kjensler".

Detaljer

Forlag
Cappelen Damm
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
118
ISBN
9788202786809
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2023
Format
24 x 17 cm

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Samuel Pedersens reisedagbok:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv