– Det er no snart hundre år sidan denne boka vart skrive, og dette er ei og bearbeidd utgjeving. Den er kortfatta å lese, og er skrive i typisk Rasmus Løland-stil. Boka freistar å gje ei skildring av kva som skjer i hovudet til eit barn som har gjort noko gale. Skamma og redsla for straff er framtredande, like eins kjensla av å vere på utsida av familien, å bli rekna som eit "utskot". Boka gjev ei verdifull skildring ikkje berre av barndomen på starten av 1900-talet, men ogsåd et barnesynet som var rådande på den tida. Det eg først og fremst sit igjen med etter å lese boka, er ei lette over at vi er komne vidare i vår tenking om barn og barneoppseding. Eg får så vondt av hovudpersonen! Eg er glad at sonen min slepp å vekse opp i ei slikt samfunn, der frykta for riset og den manglande forståinga for korleis barn reagerar er påtakeleg. Kvifor er det ingen som snakkar med guten om det som har skjedd? Kvifor lar dei han gå for seg sjølv heile jula? Uforståeleg!
Kvar vart det av jula?
Vesle Hallvard hadde så store forventningar til jula. Storebror skulle kome heim frå landbruksskulen og Hallvard var lova julegåve. Hallvard hadde slett ikkje tenkt å vere anna enn snill gut i denne søte juletida. Les mer
Logg inn for å se din bonus
Detaljer
- Forlag
- Cappelen Damm
- Språk
- Norsk Nynorsk
- ISBN
- 9788202700898
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2020
Lytt til utdrag