– Dette er ei ganske kort og lettlest bok, men den tek opp eit svært viktig og alvorleg tema. Kva gjer ein når ein er 16 år, og oppdagar at ein er gravid? For Ine er dette eit sjokk, og sjølv om ho anar kva som er i ferd med å skje før ho tek testen og får ei endeleg bekrefting, er sjokket likevel stort. Og Erik, som er barnefaren, seier han skal stille opp. Ine vil snakke med besteveninna i Oslo, og ber Erik om å køyre henne. Det vert ein lang biltur, og parallelt med den ytre reisa, skjer det ei indre reise, og ungdomane er i ferd med å ta ei beslutning. Det er ei beslutning berre ho og Erik kan ta. Dette er ei bok eg vil anbefale til alle ungdomar som står overfor eit liknande vanskeleg val, og til alle som vil lese ei djup og tankevekkande bok.
Alle har eit sultent hjerte
Vi treff Ina rett etter at ho har oppdaga at ho er gravid med Erik. Kva gjer ho no? Det var så mykje ho hadde planar om. Ho er sår, sint og frustrert. Men Erik seier at han skal hjelpe. Han kan køyre henne til venninna, så får ho snakka med henne. Les mer
Logg inn for å se din bonus
Detaljer
- Forlag
- Cappelen Damm
- Språk
- Norsk Nynorsk
- ISBN
- 9788202600075
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2018
Lytt til utdrag