– I denne boka er handlinga lagt til det fleirkulturelle miljøet i Oslo. Hovudpersonane tek på seg å skjule ei som er på rømmen. Familien hennar vil sende henne til heimlandet sitt, der ho skal bli tvangsgift. I starten ser det ganske enkelt ut, men så kjem familien på sporet og det vert dramatisk. Boka tek utgangspunkt i ungdommen sin teknologiske kvardag, og gjer bruk av både mobiltelefon og Internett som ein integrert del av teksten. Ungdom kan dermed kjenne seg igjen i det som skjer. Teksten er spennande, og samtidig er det lærerikt å lese om hovudpersonen sine eigne tankar om sin situasjon. Det å leve på flukt er ikkje eit attraktivt liv, og det er nok mange jenter som må leve slik også i Norge i dag. På den måten gir denne spenningsromanen eit større perspektiv på samfunnet vårt.
På flukt
Under arbeidet med ein dokumentar om innvandrarjenter oppdagar Bente og Henrik ei jente som heilt tydeleg prøver å få kontakt med dei. Ho står i inngangen til ein bygard, men forsvinn før dei finn ut kva ho vil. Les mer
Logg inn for å se din bonus
Neste dag er jenta der igjen, og snart blir Bente og Henrik involverte i flukta hennar for å koma unna eit tvangsekteskap og ein familie som er villige til å begå æresdrap.
Magnhild Bruheim skriv spennande om ungdommar som hamnar i livsfarlige situasjonar. På flukt er den tredje boka i den populære serien om Bente og Kami.
Detaljer
- Forlag
- Samlaget
- Språk
- Norsk Nynorsk
- ISBN
- 9788252185102
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2014
- Serie
-
Bente og Kami 3
Lytt til utdrag
Utdraget er hentet fra lydbokbokutgaven