Frå Versailles til Valdres
«Boka vil vere svært viktig for både valdrisar og tekstilnerdar.»
Dag og Tid
Draktskikken i Noreg har røter langt attende i tid og vidt utanfor landet sine grenser. I "Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise" fortel Magny Karlberg historia om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote- og drakthistorie og kulturelle og samfunnsmessige endringar frå mellomalderen og fram til 1860-talet. Les mer
499,- Spar: 45,-
Logg inn for å se din bonus
Boka har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret råkar likt også i andre tradisjonsområde. Slik bidreg ho til utvida forståing av draktskikken i heile Noreg. Boka er rikt illustrert med over 500 fotografi og illustrasjonar av klede og draktdelar, kunstbilete og demonstrasjonar av påkledning.
"Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise" er ei etterlengta bok - for allment interesserte og for dei som vil gå djupare inn i drakt- og tekstilhistoria. Praktverket er eit resultat av 40 års forskings- og dokumentasjonsarbeid og er eit viktig bidrag til fornya kunnskap om norsk drakthistorie.
Detaljer
- Forlag
- Skald
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Norsk Nynorsk
- Sider
- 375
- ISBN
- 9788279592273
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2015
Bla i boka
Anmeldelser
«Boka vil vere svært viktig for både valdrisar og tekstilnerdar.»
Åsa Elstad, Dag og Tid
«Ikkje berre ei bunadsbok.»
Magny Karlberg