Min side Kundeservice Bli medlem

Skodjesoga

Band 1 : Frå dei eldste tider til 1894 : skogbygder i fjordlandskap

Folk i Skodje var bønder og fiskarar, men det var skogen som særmerkte Skodje og gav grendene her ein eigen identitet i eldre tid. Nærleiken til den skogfattige kysten gjorde at det fanst ein lett tilgjengeleg marknad både for tømmer, ved og tjøre, etter kvart også for tønner, kasser og andre handverksprodukt. Les mer

446,-

490,- Spar: 44,-

Innbundet
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

Folk i Skodje var bønder og fiskarar, men det var skogen som særmerkte Skodje og gav grendene her ein eigen identitet i eldre tid. Nærleiken til den skogfattige kysten gjorde at det fanst ein lett tilgjengeleg marknad både for tømmer, ved og tjøre, etter kvart også for tønner, kasser og andre handverksprodukt.

Etter folketapet under svartedauden og påfølgjande pestepidemiar i seinmellomalderen opplevde Skodje ein makelaus vekst på 1500-talet og i første delen av 1600-talet. Jord vart lagd under plogen, gardar rydda, og grender vaks fram. Det var òg i denne perioden trelasteksporten knytte grendene i Skodje til internasjonale handelsnettverk. I spenninga mellom lokale føresetnader og ytre impulsar vart Skodje-samfunnet forma. Etter ein meir stabil periode i siste delen av 1600-talet og på 1700-talet skaut utviklinga på ny fart på 1800-talet, med folketalsauke, næringsutvikling og indre samfunnsvekst. Nærleiken til byen Ålesund skapte opningar for nye næringar, samstundes som den lokale samfunnsstyringa og kulturlivet fekk ei ny retning i møtet mellom bygdetradisjonar og allmenne straumdrag i samtida.

Skodjesoga i to band vart mogleg etter at Skodje sogelag fekk testamentert ein arv etter Olav Løvold (1910-2004). Tidlegare Skodje kommune har bidratt økonomisk, slik at sogelaget kunne engasjere Historisk institutt ved Høgskulen i Volda til å ta på seg prosjektet. Faghistorikarane Eldar Høidal ved stiftinga Viti (tidlegare Musea på Sunnmøre) og Harald Johannes Krøvel ved Høgskulen i Volda fekk oppdraget med å skrive bygdesoga.

Detaljer

Forlag
Museumsforlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
347
ISBN
9788283050820
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Format
28 x 14 cm
Serie
Kultur- og bygdehistorie for Skodje 1

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Skodjesoga:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Molo

Trond J. Hansen
Innbundet 
437,- 499,-
 

Dreyer

Birger Lindanger
Innbundet 
398,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv