Min side Kundeservice Bli medlem

Eitranes

roman

Halvard Bergstø veks opp som eldste son av ein smelteverksarbeidar, men snur ryggen til farsarven og flyktar til ein akademisk karriere. Som stipendiat er Halvard besett av tanken på å komma seg vekk frå heimstaden Eitranes og smelteverket. Les mer

189,-
Tilgjengelig umiddelbart etter kjøp

Logg inn for å se din bonus

Halvard Bergstø veks opp som eldste son av ein smelteverksarbeidar, men snur ryggen til farsarven og flyktar til ein akademisk karriere. Som stipendiat er Halvard besett av tanken på å komma seg vekk frå heimstaden Eitranes og smelteverket. Frigjeringa er alt anna enn enkel, til slutt bryt han saman under tyngda av sine eigne ambisjonar og vender heim for å finna nytt fotfeste.
Med broren Vidar som vegvisar finn han vegen inn til ein arbeidarkultur som han ikkje visste fanst. Gjensynet med broren, heimbygda og smelteverket blir eit gjensyn med eiga historie. Tydelegare enn nokon gong ser han verdiane, haldningane og kunnskapane som blei skrive inn i han då han voks opp.
Eitranes er ein drivande eksistensiell roman om klasse, seksualitet, reiser, flukt, sosiologi og raseri. Ikkje minst er det ein roman om den lange vegen heim. Den gjer synleg og anerkjenner dei som bygger den grunnmuren som samfunnet vårt kviler på.

«Seljestad er på sitt aller beste når han henter kraften fra de tapte arbeidsfellesskap og slenger den tilbake mot samtidens etablerte sannheter med full argumentativ kraft. Det er nettopp i forlengelse av Blind at Seljestads nye roman Eitranes bør leses.» Joakim Randa Berthelsen, BT

«... romanen fungerer nærmest som en oppsummering av de siste femten årenes diskusjoner om industri, klassespørsmål, eliter og vanlige arbeidsfolk.» Bjørn Ivar Fyksen, Klassekampen

«Det kan seiast mykje godt om Eitranes, tittelen til dømes. Eller vi kan rekna opp episke høgdepunkt romanen igjennom, heilt frå den meisterleg skildra, nervepirrande turen på autobahn mot Bremen dit hovudpersonen Halvard Bergstø med kjernefamilien i bilen og forskarstipend i lomma nå er på veg. (...) Det er alt saman pinefullt og minneverdig skildra.» Jan Askelund, Stavanger Aftenblad (Terningkast 5)

«En roman med et så tydelig budskap, kunne fort blitt dårlig. Det blir Lars Ove Seljestads Eitranes ikke. Seljestad går langt inn i materien når han stiller ut smelteverkets funksjon i bygda, og kostnadene moderniseringen av industrien har hatt for menneskene som er tilknyttet det. Med Eitranes hamrer Lars Ove Seljestad inn sin fortelling om konsekvensene av samfunnsutviklingen, og viser oss hva som er blitt borte på veien.» Ida Vågsether, Morgenbladet

Detaljer

Forlag
Aschehoug
Språk
Norsk Nynorsk
ISBN
9788203393167
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2022

Lytt til utdrag

Les utdrag

Utdraget er hentet fra e-bok-utgaven. Åpne utdrag her

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Eitranes:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv