The Flåm railway
Johs. B. Thue Thomas Morel (Illustratør) Jan Talsethagen (Oversetter) Angela Shury-Smith (Oversetter)
I 2002 ga SKALD forlag for første gong ut den vesle boka om den store Flåmsbana, den spektakulære togreisa som har vorte ein av dei største turistattraksjonane i Norge. Over 600 000 passasjerar tek den verdskjende togturen årleg. Les mer
149,- Spar: 13,-
Logg inn for å se din bonus
I vår kjem den populære turistboka ut på nytt, fullstendig revidert, i ny design og denne gongen med foto av Thomas Morel. Morel er ein nederlandsk fotograf, busett i Norge, som etterkvart har bygt seg opp eit stort namn. Han har gjennomført fleire spennande fotoprosjekt i inn- og utland for mellom anna Helly Hansen, Puma og NYC Ballet. Han fekk sitt gjennombrot med fotoserien av dansarane frå Nasjonalballetten.
I boka gir Johs. B. Thue ei kortfatta, lettlest og oppdatert framstilling av fakta kring den brattaste bana i verda på normalspor; frå jernbanehistorie, via Flåmsbygda til anleggskunst og rallarliv. Boka gir innsikt i dei historiske, kulturelle og tekniske sidene ved den kjende togreisa. Med Morel sine fantastiske bilde frå ulike årstider vil boka halde fram som klassikar i mange år.
Detaljer
- Forlag
- Skald
- Innbinding
- Innbundet
- Språk
- Engelsk
- Sider
- 79
- ISBN
- 9788279592297
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2015
- Originaltittel
- Flåmsbana
- Format
- 19 x 15 cm