Min side Kundeservice Bli medlem

Terrorisme i norsk strafferett

ein analyse av straffelova kapittel 18

Frå dei første terrorreglane kom i 2001, har det skjedd ei omfattande, stegvis utbygging av dei strafferettslege reglane mot terrorisme. Utviklinga har vore prega av stadig nye internasjonale krav og ei sterk forventing også nasjonalt om å «gjera noko» for å få slutt på terrorismen. Les mer

759,-
Innbundet
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Frå dei første terrorreglane kom i 2001, har det skjedd ei omfattande, stegvis utbygging av dei strafferettslege reglane mot terrorisme. Utviklinga har vore prega av stadig nye internasjonale krav og ei sterk forventing også nasjonalt om å «gjera noko» for å få slutt på terrorismen. Straffelova kapittel 18 inneheld difor ei lang rekkje reglar mot terrorhandlingar, terrorførebuing og deltaking i terrororganisasjonar og utanlandske væpna konfliktar.
Boka inneheld ein grundig, systematisk gjennomgang av dette regelsettet. Mange av rettsspørsmåla som vert tekne opp, har ikkje vore drøfta før. Det er lagt vekt på å få fram samanhengen med dei internasjonale reglane på området. Den gryande rettspraksisen i terrorsaker vert drøfta nærare, og det vert trekt parallellar til lovgiving og rettspraksis i andre land. Målsetjinga er å bidra til større klarleik og rettstryggleik i handhevinga av terrorreglane.
Forfattaren føretek også ei kritisk evaluering av reglane i lys av Grunnlova, menneskerettane og den strafferettslege tradisjonen. Spørsmålet som vert stilt, er korleis terrorreglane kan bli avgrensa og utforma slik at dei representerer eit vern av og ikkje ein trussel mot rettsstaten.
Erling Johannes Husabø er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Detaljer

Forlag
Fagbokforlaget
Innbinding
Innbundet
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
355
ISBN
9788245024371
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2018
Format
25 x 18 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Terrorisme i norsk strafferett:

2020

Gunnar Staalesen
Innbundet 
129,- 429,-

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv