Min side Kundeservice Bli medlem

Etikk i klinisk sjukepleie

«Etikk i klinisk sjukepleie» er ei praksisnær innføringsbok i etikk for sjukepleie. I boka tar forfattaren studentane med inn i klinisk sjukepleie og viser korleis etisk sensitivitet alltid må vere til stades i pasientbehandling. Les mer

329,-
Paperback
Sendes innen 3 virkedager

Logg inn for å se din bonus

«Etikk i klinisk sjukepleie» er ei praksisnær innføringsbok i etikk for sjukepleie. I boka tar forfattaren studentane med inn i klinisk sjukepleie og viser korleis etisk sensitivitet alltid må vere til stades i pasientbehandling. Typiske etiske problemstillingar blir gjennomgått, som utfordringar knytt til autonomi og tvang, teieplikt, abort og begrensing av livsforlengande behandling. Forfattaren viser korleis overordna verdiar kan kollidere i slike situasjonar, og korleis ein gjennom arbeid med etisk refleksjon kan bli tryggare i desse situasjonane.

Boka legg vekt på etiske refleksjonsmodellar, og forfattaren viser korleis dei kan hjelpe oss å sortere argument når vi står overfor vanskelege etiske problem. Det blir også gjort greie for korleis kliniske etikk-komitéar og etikkråd arbeider, og mot slutten av boka blir yrkesetiske retningslinjer, teieplikta og opplysningsplikta grundig presentert og drøfta.

I den reviderte utgåva har etiske teoriar fått større plass, og også gjennomgangen av etiske problemstillingar er utvida, særleg når det gjeld livets slutt, prioritering, og teknologi.

Anne Kari Tolo Heggestad er professor ved VID Vitenskaplige høgskole i Oslo, der ho mellom anna underviser i etikk for sjukepleiarstudentar både på bachelor- og masternivå. Ho disputerte i 2014 med ei avhandling i sjukepleieetikk: .To be taken seriously as a human being" «A qualitative study on dignity in dementia care.» Heggestad har tidlegare undervist i etikk i sjukepleieutdanninga ved Oslo Met og vore forskar ved Senter for medisinsk etikk, Universitetet i Oslo.

Detaljer

Forlag
Samlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Nynorsk
Sider
160
ISBN
9788234005596
Utgave
2. utg.
Utgivelsesår
2022
Format
22 x 15 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Etikk i klinisk sjukepleie:

Se flere

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv