Fleire vegar mot mål
«Boken hører naturlig hjemme på lærerbibliotek og rådgiverkontor, og vil, gjennom sin fyldige teoridel, også kunne tjene som lærebok ved ulike pedagogiske læresteder.»
Helge Horn, Norsklæreren 4/2007
Korleis kan ein hjelpe elevar med lese- og skrivevanskar i vidaregåande skole? Fleire vegar mot mål har som si grunnhaldning at ein kan lære både mykje og godt trass i lese- og skrivevanskar dersom ein går fram på ein måte som fungerer for den enkelte. Les mer
Logg inn for å se din bonus
Fleire vegar mot mål er både ei teoribok og ei praktisk-pedagogisk bok. Her finst ei mengd forslag til arbeidsmåtar og andre konkrete tiltak som passar for aldersgruppa. Forslaga er vitskapleg forankra, og boka gir òg innsikt i noko av det teoretiske grunnlaget i ein eigen teoridel.
Kombinasjonen av teori og praksis gjer boka veleigna for studentar i den praktisk-pedagogiske utdanninga og i spesialpedagogikkstudia ved universitet og høgskolar. Dei praktisk retta kapitla er òg tenkt som hjelp, nytte og inspirasjon for lærarar og rådgjevarar som arbeider i vidaregåande skole.
Boka inneheld blant anna:
praktiske lærings- og undervisningsopplegg oversyn over moglege hjelpemiddel definisjonar av lese- og skrivevanskar innføring i læringsteoriar eksempelhistorier frå skolar og forskingsprosjekt
Detaljer
- Forlag
- Cappelen Damm akademisk
- Innbinding
- Paperback
- Språk
- Norsk Nynorsk
- Sider
- 233
- ISBN
- 9788202269913
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2007
- Format
- 21 x 15 cm
Anmeldelser
«Boken hører naturlig hjemme på lærerbibliotek og rådgiverkontor, og vil, gjennom sin fyldige teoridel, også kunne tjene som lærebok ved ulike pedagogiske læresteder.»
Helge Horn, Norsklæreren 4/2007