Min side Kundeservice Bli medlem

Norsk språkhistorie for lærarar

Denne boka gjev ei grunnleggjande innføring i norsk språkhistorie og er skreddarsydd for grunnskulelæraren. Forfattarane fortel historia om norsk språk, og skildrar dei viktigaste endringane, frå urnordisk, via norrønt og mellomnorsk, og fram til moderne norsk. Les mer

399,-
Paperback
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Denne boka gjev ei grunnleggjande innføring i norsk språkhistorie og er skreddarsydd for grunnskulelæraren. Forfattarane fortel historia om norsk språk, og skildrar dei viktigaste endringane, frå urnordisk, via norrønt og mellomnorsk, og fram til moderne norsk. Språkleg mangfald, variasjon og endringar i fortid og samtid står sentralt i fagfornyinga. I boka er det lagt stor vekt på å visa skulerelevansen til fagstoffet og korleis dette kan bli formidla i klasserommet.
Ingvil Brügger Budal (fødd 1975) er professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. Ho er filolog, og er oppteken av tekst, språkbruk og språkbrukarar, både i eit diakront og synkront perspektiv. Budal har tidlegare mellom anna skrive om grammatikk og grammatikkdidaktikk, nynorskdidaktikk, og norrøn omsett litteratur.
Karine Stjernholm (fødd 1978) er førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Østfold. Ho er sosiolingvist, og er spesielt oppteken av språkideologi. Stjernholm underviser i språk og samfunn, fleirspråklegheit, språkplanlegging og språkhistorie på lærarutdanninga og på masterprogrammet Master i norsk i skulen.
Bernt Ø. Thorvaldsen (fødd 1976) er professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han underviser i norsk språk og litteratur, er utdanna lærar og norrønfilolog, og han forskar på kultur og språk i norrøn tid, og på norskdidaktikk.

Detaljer

Forlag
Landslaget for norskundervisning / Fagbokforlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Norsk Bokmål Norsk Nynorsk
Sider
211
ISBN
9788245020830
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2021
Format
21 x 14 cm

Bla i boka

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Norsk språkhistorie for lærarar:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Herman

Herman Flesvig
Innbundet 
318,- 349,-

Pilot

Ola Engelien
Paperback 
709,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv