Samtidslyrikk i klasserommet

Hovudmålet med denne boka er å vise korleis ein kan arbeide med samtidslyrikk i klasserommet: skriftleg, munnleg, analytisk, kreativt. Her er samtidslyrikken utgangspunktet for den klassiske diktanalysen, for fagsamtalen, for fordjupingsemnet, for diktopplesing, kreativ tekst og klassesamtalar om litterær kvalitet. Les mer

449,-
Paperback
Sendes innen 3 - 10 dager

Logg inn for å se din bonus

Hovudmålet med denne boka er å vise korleis ein kan arbeide med samtidslyrikk i klasserommet: skriftleg, munnleg, analytisk, kreativt. Her er samtidslyrikken utgangspunktet for den klassiske diktanalysen, for fagsamtalen, for fordjupingsemnet, for diktopplesing, kreativ tekst og klassesamtalar om litterær kvalitet.
Boka inneheld presentasjonar av nokre forfattarar og lesingar av utvalde dikt. I tillegg får lesaren vere med på nokre funderingar over spørsmål ein truleg berre møter i lyrikken: Kan ein måle universet med teskei? Kva slags bruer kan vekse ut i verdsrommet? Korleis lyser epla på trea? Korleis hindrar skulen skogen?
Samtidslyrikk i klasserommet er eit forsvar for poesien og skjønnlitteraturens vedunderkraft, for den langsame tenkinga og danninga. Boka er samstundes eit forsvar for ei systematisk og eksplisitt norskfagleg lese- og skriveopplæring, og for den nytteverdien ei slik lese- og skriveopplæring har for andre fagfelt og yrke.
Kjersti Rognes Solbu er norsklektor ved Fyllingsdalen videregående skole og rådgjevar ved Skrivesenteret. Ho har mastergrad i litteraturvitskap frå NTNU (2006). Solbu har vore dagleg leiar i Landslaget for norskundervisning, tidsskriftsredaktør for Ratatosk og medredaktør for boka Søsken (Samlaget 2011).
Jon Opedal Hove har arbeidd som norsklektor ved Fyllingsdalen videregående skole sidan 2008. Han har mastergrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Bergen (2007). Hove har vore med i redaksjonen i litteraturtidsskriftet Prosopopeia og publisert bokmeldingar i tidsskriftet Norsklæraren.

Detaljer

Forlag
Landslaget for norskundervisning / Fagbokforlaget
Innbinding
Paperback
Språk
Nynorsk
Sider
268
ISBN
9788245022483
Utgave
1. utg.
Utgivelsesår
2017
Originaltittel
Samtidslyrikk i klasserommet
Format
24 x 17 cm

Medlemmers vurdering

Oppdag mer

Bøker som ligner på Samtidslyrikk i klasserommet:

Se flere

De som kjøpte denne kjøpte også:

Uke 40

Taran L. Bjørnstad
Innbundet 
288,- 329,-
 

Rigel

Ida Larmo
Innbundet 
363,- 399,-
 

Logg inn

Ikke medlem ennå? Registrer deg her

Glemt medlemsnummer/passord?

Handlekurv