– Boka fremstår som et vellykket hedersprosjekt til ørnemannen Alv Ottar Folkestad. På grunn av tallrike digresjoner oppleves boktittelen som noe upassende - men boken blir ikke mindre interessant for det. Her kan man lære en god del om havørn og andre fuglearter, m.m.
Havørna
"Vi får ei historisk og delvis ei geografisk oversikt over denne fuglens liv, og korleis ho lever i dag. Vi får også glimt av korleis ørna er forstått og bruk i politikk og kunst, religion og mytologi, og vi får flotte ørnebilete. Dette er ei kjekk og lærerik bok for alle som måtte vera opptekne med ørn, særleg havørn!"
Johannes Kleppa, Dagen
Møt eit av Noregs mest fascinerande dyr.
Da den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiastar har gjort fredinga til ein suksess.
Les mer
Logg inn for å se din bonus
Da den norske havørna vart freda i 1968, var ho nær utrydda etter eit hundreår med systematisk nedslakting. Iherdig innsats frå ornitologiske entusiastar har gjort fredinga til ein suksess. Vi har i dag ein ny, levedyktig bestand med bortimot 14 000 havørner i Noreg.
I boka blir vi betre kjente med denne store rovfuglen, eit av dei mest eksotiske innslaga i den norske faunaen. Saman med den fremste ørneeksperten i landet, Alv Ottar Folkestad, og fotograf Roger Engvik tar forfattaren oss med inn i kvardagen i havørnfamilien. Boka fortel om den planmessige utryddinga havørna vart utsett for, og den vellykka redningsaksjonen, viser kva rolle ørna har hatt i folketrua og mytologien, og ser ørnehistoria i lys av dei store miljøutfordringane i vår tid. I ei tid der dyreartar blir utrydda i eit faretrugande tempo, er dette ei bok som gir håp.
Detaljer
- Forlag
- Samlaget
- Språk
- Norsk Nynorsk
- ISBN
- 9788252199093
- Utgave
- 1. utg.
- Utgivelsesår
- 2020
Les utdrag
Åpne utdrag herAnmeldelser
"Vi får ei historisk og delvis ei geografisk oversikt over denne fuglens liv, og korleis ho lever i dag. Vi får også glimt av korleis ørna er forstått og bruk i politikk og kunst, religion og mytologi, og vi får flotte ørnebilete. Dette er ei kjekk og lærerik bok for alle som måtte vera opptekne med ørn, særleg havørn!"
Johannes Kleppa, Dagen
Medlemmers vurdering
Skriv en vurdering
– Fire stjerner
– Bli kjent med havørna